Bloggnorge.com // Historie
Start blogg

Historie

Bare enda et Bloggnorge – Gratis blogg-nettsted

Bysants

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Skrevet onsdag 25. november , 2015 kl. 14:46

Bysants:

Den vestlege delen av Romarriket gjekk under rundt år 1400 e.Kr og vart erstatta av germanske kongedømme. Medan i aust levde Romarriket vidare i rundt tusen år til. Hovudstaden i dette området blei kalla Bysants, men seinare gjort om til Konstantinopel. I og med at hovudstaden hadde blitt kalle Bysants tidlegare var med på å gjere at Austromarriket kom til å gå under namnet Bysants eller det bysantiske riket.

Området rundt Middelhavet i den austlege delen var rikare på menneske og ressursar enn områda i vest. Dei romerske tradisjonane levde vidare, men smelta saman med orientalske skikkar og ein hellenistisk arv. I Bysants vart interessa for filosofien og retorikken frå antikken utbreidd. Fleire gongar førte religiøse spørsmål og diskusjonar til alvorlege konfliktar mellom ulike grupper. Keisarane var med i den religiøse strida, og i Bysants var ei sterk samanblanding av keisarmakt og kyrkjemakt enn i vest.

Det bysantrinske riket heldt oppe ei sterk statsforvaltning og kunne stille ein velstyrt hær. Hæren vart basert på frie bondesoldatar som vart tildelte kvar sin gard, og keisaren gjorde kva han kunne for å verne bøndene mot kravstore godseigarar. Keisar Justinian klarte på 500-talet å realisere ein draum om å samle det romerske keisarriket, på god veg. Riket var gjennom ein nedgangsperiode før det på nytt i 800-talet vann att styrken sin.

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.