Bloggnorge.com // Historie
Start blogg

Historie

Bare enda et Bloggnorge – Gratis blogg-nettsted

25
november 2015
Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - kl. 14:46

Bysants:

Den vestlege delen av Romarriket gjekk under rundt år 1400 e.Kr og vart erstatta av germanske kongedømme. Medan i aust levde Romarriket vidare i rundt tusen år til. Hovudstaden i dette området blei kalla Bysants, men seinare gjort om til Konstantinopel. I og med at hovudstaden hadde blitt kalle Bysants tidlegare var med på å gjere at Austromarriket kom til å gå under namnet Bysants eller det bysantiske riket.

Området rundt Middelhavet i den austlege delen var rikare på menneske og ressursar enn områda i vest. Dei romerske tradisjonane levde vidare, men smelta saman med orientalske skikkar og ein hellenistisk arv. I Bysants vart interessa for filosofien og retorikken frå antikken utbreidd. Fleire gongar førte religiøse spørsmål og diskusjonar til alvorlege konfliktar mellom ulike grupper. Keisarane var med i den religiøse strida, og i Bysants var ei sterk samanblanding av keisarmakt og kyrkjemakt enn i vest.

Det bysantrinske riket heldt oppe ei sterk statsforvaltning og kunne stille ein velstyrt hær. Hæren vart basert på frie bondesoldatar som vart tildelte kvar sin gard, og keisaren gjorde kva han kunne for å verne bøndene mot kravstore godseigarar. Keisar Justinian klarte på 500-talet å realisere ein draum om å samle det romerske keisarriket, på god veg. Riket var gjennom ein nedgangsperiode før det på nytt i 800-talet vann att styrken sin.

 

25
november 2015
Kategori: Historie | 0 kommentarer » - kl. 12:44

Føydalisme:

I tidleg mellomalder vaks føydalismen gradvis fram i Europa. Føydalisme kan ein knytta til ei historisk periode og eit avgrensa geografisk området eller som eit samfunnssystem. Landsbygda og jordbruket, godseigarar og bønder var dei viktigaste delane i det føydale samfunnssystemet. Byane var i den periode svake. Føydalismen hadde røtene sine i dei urolege hundreåra etter at Vestromarriket gjekk under.

Ettersom det blei for farleg å leve i byane, trekte folket seg ut på landsbygdene. Bøndene fann da vern hjå godseigarane, men måtte i gjengjeld gi frå seg jorda si, dei blei no kalle leiglendingar som leigde jord frå godseigaren. Dei måtte og betale for pliktarbeid, hoveri, på marknaden til godseigaren. Dei fekk heller ikkje løyve til å forlate godset eller landsbyen utan løyve frå godseigaren.

 

 

 

 Folkevandring:

Folkevandringstida starta i rundt år 400 og varte fram til om lag 600. Dei germanske stammane hadde kryssa Rhinen og gått inn i det vestromerske riket.I store delar av det vestromerske området gjekk folketalet ned, byane blei borte da det romerske stryringssystemet forsvann, og handelen gjekk tilbake. Om ein samanliknar med dei meir stabile samfunnsforholda som styrte i romartida, var tilstanden i Europa på 400- og 500 talet prega av uro. Samansmeltinga av romerske og germanske folkegrupper og ulike kulturar satte eit preg på det nye Europa.

Romarane hadde utvikla ein fast byråkratisk administrasjon, som gjekk ut på at alle borgarane var nøye registrerte, og skattar og avgifter vart kravde inn av eigne spesilistar. Rettstell og offentlege tenestemenn tolka lover og reglar som blei skrivne ned. Så var det germanarane som ikkje hadde byråkratisk trasdisjonar. Adminstrasjonen tok utgangspunktet sitt i kongen som person, og lojalitetsband mellom kongen og mennene hans som dei meinte var det viktigaste. Kongen kravde inn skattane sidan at riket vart oppfatta som eigendommen til kongen.

Pavekyrkja:

Kristendommen klarte å få eit forfeste i Romarriket på 300-talet, rett før Vestromarriket gjekk under. Det opphavlege romerske og germanske befolkningane gjekk over til Kristendommen. Kristendommen førte til den store samansmeltinga av den romerske og den germanske befolkninga. Den nye religionen forsona og bygde bru mellom romarane og germanarar. Medan at det vestromerskeriket sakte smuldra opp, kom kyrkja til å ta over nokre funksjonar som til dømes: stell av dei sjuke og gamle, fattigforsorg og undervisning.

Gradvis vart biskopen av Roma akseptert i Vest-Europa som den øvste leiaren av kyrkja.  Biskopen av Roma byrja å kalle seg sjølv pave og visste til at han var etterfølgjaren til apostelen Peter. I Matteusevangeliet står det at Jesus seiar: «Og det eg seier deg: Du Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje…» Som biskopen av Roma, brukte som sitt utganspunkt. Han fekk og meir utoritet sidan at han heldt til i den gamle keisarhovudstaden, Roma. I mange hundreår var det sterke motsetningar mellom paven i Roma og leiaren for kyrkja i Austromariket, patriarken av Konstantinopel, som nekta å godta paven som leiar for heile kyrkja. Det enda tilslutt med ei varig splitting mellom kyrkjene i aust og vest rundt år 1054.

Ordet kloster kjem av «Claustrum» som er det latinske ordet for innelukka område. Eit kloster var samfunn der munkar og nonner samla seg for å tilbe og tene Gud. Pave Gregor 1. gjorde ein stor innsats for å styrkje klosterstellet, som hadde opphavet sitt i eit kloster Benedikt av Nursia grunnla på Monte Cassino i Italia i 529. Frå dette klosteret var der nokre reglar, ein av dei reglane var at munkane og nonnene ikkje kunne gifte seg. Tida mellom bønn og ulike former for praktisk arbeid blei fordelt mellom munkane og nonnene. Klostra fungerte som kristne utpostar i heidenske område, og munkar vart sende ut som misjonærarar for å omvende heidningane. Når klostersamfunna utvikla seg vaks det fram ein by rundt klostersamfunna. Dette var med på å gjere at dei gamle byane i Vest-Europa levde vidare, ein viktig faktor var og det at biskopane tok sete der. Ein kan tenkje seg at byane hadde forfalle om kyrkja ikkje hadde vore der.

Frankarane:

Frankarane var eit forbund av germanske stammar som opphavleg kom frå den nordvestlege delen av det som i dag er Tyskland. Allereie på 400-talet hadde var dagens Belgia og Nord-Frankrike blitt erobra av mange frankiske småkongar. Frankarane skapte seg eit stort vesteuropeisk rike som igjen vart utgangspunktet for skipinga av Frankrike-som har fått namn etter frankarane. Grunnlaget av Frankriket vart skapt av Klodvig, av merovingarætta. Han let seg døype i den kristne trua, som gjorde det lettare for han å sameine germanarar og romarar innanfor grensene til Frankarriket.  Han la også grunnlaget for ein seinare allianse mellom pavestolen i Roma og Frankarriket. Før han døydde i 511, styrte han mesteparten av det som i dag er Frankrike, Belgia og delar av Sørvest-Tyskland.

Karolingarane hadde lenge vore i framtredande tenste som hushovmeisterer ved merovingarande, men ein karolingar som heitte Pipin den vesle let seg i 751 krone til konge. Pavekyrkja  fekk i gjengjeld  frankarane som venar og allierte, sidan at Paven i Roma gjorde Pipin til «konge av Guds nåde».  Son til Pipin den vesle var Karl, som skulle bli den fremste av dei karolingiske frankarkongane, som seinare skulle bli keisar. Riket til Karl den store vart så vidstrekt at det kom til å minne om det gamle Vestromarriket. Det einaste unntaket var i Spania der muslimske herskarar regjerte. Omåde som romarane aldri klarte å leggje under seg, låg no under karolingarane.

I 799 gjorde folk i Roma opprør mot pave Leo 3. Han blei kasta i fengsel, men vart satt fri og flykta til riket til Karl. Karl den store hjelpte han slik at han blei sett på nytt inn på pavestolen. Da Karl var til stades ved gudstenesta i Perteskyrkja i Roma i 800, på første juledag, sette Leo keisarkrona uventa på hovudet hans. Men Karl den store ønska ikkje å ha Roma som hovudstaden sin. Han ville heller vere keisar for eit latinsk, kriste Vesten i motsetning til det greske Austen, der dei bysantiske keisarane herska. Eit Vesten er det vi i dag kallar Europa.

 

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.